Når livet på jobb vert vanskeleg | Akan.no

Når livet på jobb vert vanskeleg

Dame som snakker i telefonen.

Denne veka er det meg du møter dersom du ringer veiledningstelefonen til Akan kompetansesenter. Det får meg til å reflektere kring kor givande det kan vere å høyre om handlekrafta og omsorga som finst ute i norsk arbeidsliv – særleg i komplekse personalsaker.

Oftast får vi aldri vite utfalla av råda vi gir og korleis situasjonane utviklar seg i andre enden av telefonen. Men i nokre tilfelle blir vi lyttande til ei sak som får utvikle seg over tid, slik som i historia under.

 

September

«Hei, du snakkar med Ida». Eg lyttar medan personen i andre enden fortel om ei problemstilling ho står i. Mellomleiaren som for nokre månadar sidan var ny i stillinga, har arva ei krevjande personalsak.

I eitt års tid har ein medarbeidar fleire gonger vore full på jobb i eitt kontorfellesskap. Det er synleg at han ikkje har det bra, at han faktisk må drikke for å klare å vere på jobb, samstundes som han møter på jobben sin kvar dag. Leiaren som hadde personalansvar før har hatt nokre samtalar med han, men stort sett har lite vert tatt tak i. Arbeidsmiljøet er nedslite, og den nye leiaren skal forsøke å ivareta alle sine tilsette. Ingen enkel jobb. Og som leiaren sjølv seier: «dette har eg aldri vore borti før».

Vi kjem fram til at leiaren skal ta ein samtale og tilby hjelp – ein individuell Akan-avtale – og samstundes setje nokre tydelege grenser for personen – det er jo ikkje greitt at personen er synleg rusa på jobb.

Same veke får eg telefon frå bedriftshelsetenesta, det blir tydeleg at det gjeld same person i same bedrift. Dei fortel at dei har forsøkt å motivere medarbeidaren til å ta imot hjelp og har informert om forskjellige hjelpetilbod. Bedriftssjukepleiaren beskriv eit menneske i krise der livet har blitt mange nummer for stort, og han er livredd for å miste jobben sin, som er siste faste haldepunkt i livet. Personen ynskjer i utgangspunktet ikkje at jobben skal vere involvert i noko oppfølging og er redd for konsekvensen av å ta imot tilbod om hjelp.

 

Oktober

Leiaren ring opp att. Han som har utfordringar med alkohol har takka ja til tilbod om individuell Akan-avtale og oppfølging frå arbeidsplassen etter fleire samtalar med leiar. Fokus i samtalen har vore å motivere og trygge, samstundes som dei tydelege grensene har blitt bevart. Dei ringer no for å få hjelp til utforming av avtalen. Teamet rundt: leiar, bedriftssjukepleiar, den tilsette og fastlegen er i møtet og diskuterer innhaldet i avtalen.

 

November

Ny telefon. Dei har no starta ein god prosess med medarbeidaren. Han er byrja i behandling, behandlingsapparatet er kopla på avtalen, og teamet rundt har hatt eit par oppfølgingssamtalar så langt. Det ser lovande ut, medarbeidaren er edru på jobb, med tett oppfølging av leiar, og arbeidsmiljøet er i betring.

Etter den siste samtalen har eg ikkje høyrt noko meir, men sit att med opplevinga av ein arbeidsplass som til slutt satt inn store ressursar for å ivareta ein medarbeidar som trengte det.

 

Ingen quick fix

Mange av dei sakene vi høyrer om på vår rettleiingsteneste er komplekse og ingen av dei er like. Det å få i gong ei endring kan krevje tid og det er ikkje nokon «quick-fix». I mange tilfelle vil det vere synlege endringar ein kan legge merke til lenge før det går så langt at ein medarbeidar er full på jobben. Det kan vere ei uro eller bekymring du kjenner på relatert til at ein tilsett eller kollega visar endringar relatert til fråvær, åtferd eller kvaliteten på jobben. Då gjeld det å vite korleis ein skal gå fram og følgje det opp på ein god måte, og det kan vi hjelpe deg med.

Denne historia er anonymisert og endra på, men er basert på hendingar frå veiledningstelefonen vår. Om du tar kontakt med oss her, vil vi bistå med vår kunnskap og kompetanse, og forhåpentlegvis skape tryggleik til å gjere noko – og vise omsorg – som får betydning for den einskilde og har positive ringverknader i eit arbeidsmiljø.

Rådgivarane i Akan kompetansesenter har teieplikt og du kan ta kontakt med oss anonymt.


Skrevet av: Ida Eimind Børslien

Portrett av Ida Eimind Børslien.

Ida har en bachelorgrad innen psykologi og terapi, og har utdannet seg videre til gestaltterapeut. Ida jobber nå som rådgiver i Akan kompetansesenter.