Mannen, hunden og førjulstida | Akan.no

Mannen, hunden og førjulstida

En mann holder rundt en hund

Andre søndag i advent er passert, og for første gong på mange år tenkjer eg attende på ein mann med ein hund eg møtte i desember nokre år tilbake. Staden var Manchester, byen eg studerte i, og eg var 22 år.  

Vi hadde møttest fleire gonger. Kvar veke gjekk eg forbi han og hunden som satt ein fast plass sentralt i byen. Eg slo ofte av ein prat på vegen medan eg klappa den vennlege hunden hans, og opplevde at han var ein munter og pratsam person på tross av at han var ute i all slags ver. I Storbritannia, i forhold til i Noreg, er det ein betydeleg andel heimlause. Unge, eldre, sjuke og friske. Og Manchester er ein av byane med høgast førekomst av heimløyse. 

I desember trefte eg han ein av dei siste dagane før eg skulle fly heim til Norge på juleferie. Medan eg klappa hunden hans spurde eg ganske tankelaust om han såg fram til jula. Smilet hans forsvann og han svarte nei, det var ei vanskeleg tid for han. Han hadde ingen å vere ilag med.

Det verste var eigentleg at mange i byen blei så opptekne av seg og sitt i tida opp mot jul, at opplevinga av å vere åleine og utanfor blei ekstra kraftfull. Eg beklaga at eg hadde gjort han trist og at eg ikkje kunne lette denne tida for han. Overraske blei eg då han svarte med å uttrykkje takksemd for at eg stoppa og brukte nokre minutt med han.  

No skal vi kose oss 

Eg trur jul er kanskje den tida vi kollektivt har størst forventningar til. No er det desember så no skal vi verkeleg kose oss. Og forventningar er noko rart eigentleg fordi livet blir aldri slik vi ser for oss. Det kan likne på noko vi har førestilt oss, men ingen av oss kan faktisk sjå inn i framtida og vite kva det bringar med seg. Paradoksalt nok er desember ei travel tid for mange. Eg har ei oppleving av at vi skal presse så mykje inn i denne siste månaden i året, samstundes som vi blir fikserte i våre forventningar til den. Derfor blir det for mange kanskje stress som dominerer – og misnøye dersom forventningane ikkje blir innfridd – ikkje kos og hygge slik vi har tenkt. Dette kan også påverke korleis vi setter av tid til kvarandre.  

Under Akan-dagen førre månad, der temaet var nettopp forventningar, starta dagen med eit innlegg eg framleis tenkjer på av Pellegrino Riccardi. Han formidla kva som viktig for at vi menneske skal ha det bra, deriblant tilknyting og gode relasjonar til andre menneske. Eit sitat frå hans innlegg var blant anna: «people want connection, not perfection».  

If you can’t give them love… 

Medan desember får fram mange fine assosiasjonar i meg med ulike gode luktar, lys og å kome saman med dei eg er glad i, blir sorga også tydlegare over dei som eg saknar rundt julemiddagen. Og  dei som ikkje har ein plass og tilhøyrsle i denne juletida, kan kjenne på at sesongen forsterkar kjensla av utanforskap. Derfor er det nyttig for meg å minnast at jula er også ei tid for å vise takksemd og omtanke, spreie glede, varme og kjærleik.  

Mi påminning til meg sjølv – og kanskje er det til nytte for nokre andre også – er at det beste eg gir (og får) er nærvær med dei eg har rundt meg. Eg vil slå eit slag for gode menneskemøte, der vi legg til side travelheita og gir kvarandre tid og merksemd. Det skapar ei kjensle av fellesskap når vi løftar blikket frå vår eigen navle og ser kvarandre, og dette er viktig for å forbyggje og motvirke utanforskap. Og som Pellegrino Riccardi sa då han viste til «the Rabbit-Effect» under Akan-dagen: «if you can’t give them love, give them 15-20 seconds».  


Skrevet av: Ida Eimind Børslien

Portrett av Ida Eimind Børslien.

Ida har en bachelorgrad innen psykologi og terapi, og har utdannet seg videre til gestaltterapeut. Ida jobber nå som rådgiver i Akan kompetansesenter.